
Fiskivinnan í Norra og EU eru samd um makrelin, skrivar Fiskaren.
Bakgrunnen er samanbrotet i kyststatforhandlingane om makrell sist veke, skriver Fiskebåt.
- Når den historiske andelen til Island, Færøyane og Russland er trekt frå skal resten av totalkvoten fordelast mellom EU og Noreg etter den gjeldande bilaterale avtalen, heiter det i ei felles pressemelding.
- Det ville vere imot alle prinsipp om rettferd, dersom makrellnæringa i Noreg og EU må tåle ei ytterlegare avgrensing i makrellfisket samstundes som færøyske og islandske fiskarar framleis får store makrellkvotar av eigne regjeringar stikk i strid med vitskapelege råd, heiter det i pressemeldinga.
- Fiskerinæringa i EU og Noreg vil igjen uttrykkje at dei er skuffa og ser med stor uro på at det ikkje blei noko resultat av forhandlingane. Næringa i Noreg og EU støttar fullt ut opp om den felles fråsegna frå EU-kommisær for fiskeri, Maria Damanaki, og den norske fiskeristatsråden Lisbeth Berg-Hansen, der dei fordømer dei fastlåste standpunkta til Island og Færøyane.
I tillegg ber fiskerinæringa i EU om at EU-kommisjonen, Rådet og EU-parlamentet snart bestemmer seg for og faktisk gjennomfører effektive sanksjonar mot Island og Færøyane.




